![]() Spurkeland Vikinggard har fått gåvemidlar!
Spurkeland Vikinggard fekk i desember tildelt midlar frå både SPINN-fondet og frå kommunens Næringsfond! Tusen takk til Lindås kommune, Sparebanken Vest og Norhordland Næringshage for verdifull støtte og tillit! Omtale i avisa Nordhordland, 3 artiklar: - Tildeling av midlar fra næringsfondet, des 2016 - Tildeling av Spinn-midlar - Avisa Nordhordland, des 2016 (krev lesarabonnement hjå avisa..) ![]() Jolespel med vikinghistorie
I heile ni år på rad (!) har vi no - i godt samarbeid med lokale krefter - fått halde gratis joleframsyning for folk frå "fjern og nær" på låven vår! Med ein balanse av humor og alvor har vi freista å formidle historia bak jolefeiringa vår, og både spelet og under-haldningsinnslaga kring det har vore nytt kvart einaste år. Låven har fyltes til randen, og mange har gjort det til ein fast familietradisjon å få med seg dette i førjulstida. (I 2017 vert det 10-årsjubileum!!) - les artikkelen i avisa Nordhordland om det niande spelet! - les tilsvarande artikkel i avisa Strilen! |
Vikinghuset
|