Laurdag 26. oktober 2013 ....

..... ynskjer vi store og små, gamle og unge hjarteleg velkommen til ein aktiv og sosial viking-dag i haustvèret! :)
Vi opnar klokka 12.00; og utover dagen vil det vere mykje kjekt program for alle aldrar, både innomhus (på låven og i vikinghuset) og utandørs.
Under har vi røpt litt av aktivitetsmenyen for dagen...:
- leik og aktivitetar
- historieforteljing (viking - sjølvsagt..)
- vi får besøk av ein flammeslukar!!
- "riss di rune" og litt enkelt handarbeid for dei små
- flotte skinn av villsau til salgs, kr. 1000,-
- kokegrop - med prøvesmaking på slutten av dagen!
- smie
- vi opnar den store taubana!
- sal av hotdogs, brus, lappar og kaffi...
- ....... +++ !!
Det vert dessutan også høve til å mønstra på ein tur med vikingskipa "Hårek" og "Gyda" denne dagen! Her er det begrensa med plassar, og tilgjengelege avgangar vert berre klokka 14.00 og klokka 14.45. Førehandspåmelding er mogleg, dersom De vil sikra dykk plass! (Send oss gjerne ei enkel melding anten på sms: 46620913 eller på mail: okkjenes@gmail.com om de ynskjer dette)
PRIS:
Inngang: - per pers: vaksne: 150,- born under 15 år: 80,-
- familie (to vaksne + eigne born): 400,-
Tur med vikingskip er inkludert for dei som ynskjer dette, men det er begrensa med plassar!