Spurkeland Vikinggard ligg vakkert til på Seim i Lindås Kommune i Nordhordaland. (kartlink)
Vi skreddersyr opplevings- og aktivitetspakkar for større og mindre arrangement heile året igjennom, og leiger ut våre særeigne lokaler og fasilitetar for å skape ei historisk og minneverdig ramme kring det heile. (Sjå prisliste)
I tillegg har vi også med jamne mellomrom eigne arrangement som er opne for alle.
Om du kikkar innom kalenderenvår får du med deg kva som skjer, og kva datoar som er ledige dersom du går med planar om ei privat tilstelling!
Spurkeland Vikinggard er støtta av Innovasjon Norge
Familien
Dyra på garden..
Obelix - "mini"grisen som etterkvart ikkje var så veldig "mini" lenger... Ein skikkeleg KOSEGUT er han! Veltar seg i velvære når ein stryk han på magen eller under dobbelthaka(ne...) Glad i MAT! - Blanda restemat er DIGG! (Komposten vår...) Elskar å "sløve seg" i sola (eller under eit tjukt lag med høy når det er ruskevér...), men er også gjerne med på tur! Ein skikkeleg KJEKKAS når han er nysmurd med babyolje! ;-)
Lasarus - Eitt av våre litt "eksotiske" innslag på garden!
Lasarus er stort sett ein sindig gut (eg kjem til nokre unntak lenger nede...) , og med si unnskuldande og beskjedne framtreding, vekkjer han varme kjensler av omsorg og sympati hjå dei fleste... Men det skal seiast... vi visste svært lite om eslar før vi sat med eit sjølv... LYDEN til dømes, - og styrken av denne når eit litt oppskaka esel tømer "lyd-basunane", var vi ikkje akkurat førebudde på...
Men no "rautar" han ikkje slik i tide og utide lenger, så om han "seier ifrå" når det kjem folk på besøk, eller på sin eigen måte "takkar" for at vi kjem med mat til han og Ronja, så er dette berre sjarmerande! ;-) Her må alle få synge med den stemma dei har!
Interessa hans for damer vart teke knekken på før vi overtok han for snart 7 år sidan, så det vert nok ingen pappa av denne karen... Namnet fekk han også frå tidlegare eigar, og vi tykte det kledde både han (- og i grunn også oss!) riktig så godt! Lasarus har elles det ærefulle oppdraget å frakte Maria med Jesusbarnet fram til Betlehem under det årlege Julespelet på låven.
Fjørkre i ymse fargar og fasongar...
Kaninar... ja dette har vore litt til og frå... Nett no er her ingen, etter at vår kjære Aslan plutseleg drog til "dei evige løvetannmarkar" her i fjor sommar... <3
Ronja - Finst ikkje snillare hest! :-)
Hønild, Turid, Mari-Høne og Veslemøy nyter vårsola ute! Romeo (midten framme) passer godt på damene sine!
To staute karar, - Dole og Doffen, saknar dameselskap...
Remi - den einaste firbeinte som (for tida...) har privilegiet av å bo inne hjå oss. SNILL og GOD er han!!
Kooos kooos koooos! Prrrrrrr Prrrrrrrr..... Gråpus får ALDRI nok kos!!
Vi har fått to vaksne gjess på garden, - av rasen "Norsk kvit gås". Artige! :-)
Dei er ikkje foreldre til gåsungen Emily, og behandlar henne deretter... Vi har kalla dei "tante Gåshild" og "onkel Gåsmund".
"Emily" - adoptivbarnet vårt... Som lita budde ho inne og sov gjerne i senga til ungane! Fullt overbevist om at ho var "ein av oss"! - Dei rare skapningane borte i andedammen skjøna ho seg aldri heilt på... Emily endte desverre livet i møte med ein forbistreifande, kaldblodig mordar her i haust... Det var ein svært sorgtung dag i heimen... Djupt sakna!
Fleire bilete av Emily finn du her...