Vi held opne arrangement heile året igjennom - der alle er velkomne!

Innimellom private arrangement og lukka tilstelningar, vil Spurkeland Vikinggard også ha dagar der vi offisielt er open for "uanmelde" besøk! :-)
Desse dagane vil det vera lagt opp til eit noko "lausare" program, med avkobling, god mat og moro, og der målet er at heile familien (med alle aldrar representert!) skal ha noko å gle seg til!
Innhald for desse tilstelningane kan variere etter årstid og ressursar, men alt ifrå teater og konsertar til sport og ulike tevlingar kan dukka opp som særelement her - i tillegg til "kos", leik og grilling!
Skulle nokon ynskje å bidra med innslag - eller ha idear til slike dagar, er dei hjarteleg velkomne til dette! Ta i så fall kontakt med oss på førehand.
Nettsidene våre inneheld ein kalender som fortløpande vil vera oppdatert på slike komande hendingar, så følg med!
I tillegg vil vi henge opp nokre enkle oppslag i nærmiljøet når tida nærmar seg.