Høg puls - høgt adrenalin - hjartet i halsen - men ustyrteleg moro!!

Paintball er eit spel for uredde, vågale og leikne unge og vaksne!
På Spurkeland Gard kan ein leiga fullt utstyr og ammunisjon til to lag på tilsaman ti personar, og me har løyper til både "Speedball" og "Skogsball".
Du treng ikkje vera "utlærd" paintball-spelar for å ta del i dette! - Berre finn fram barnet og jegeren i deg, kast alle hemningar "på båten" og hiv deg utpå!!
(...men pass deg...: Du vert fort "hekta"!! ;-) )
Bonus oppå all moroa er at du dessutan får ei formidabel treningseffekt på kjøpet, - noko dei færraste vil forakte! Magen vil nok rumla etter påfyll når økta er overstått....
Du får ei innføring i enkle reglar før spelet tek til.
Prisar på leige av utstyr finn du her.
Etter ei hard økt i løypene kan vi anbefale ei hyggjestund i gapahuken med grillmat og sosialt samver som avslutning på det heile. Om de ynskjer det, kan vi avtala på førehand å ha grillane varme og maten klar til de kjem nedatt frå skogen.
(Sjå Mat for meir informasjon.)
(Paintball har 16 års aldersgrense)