Spurkeland Viking Gard
  • Heim
  • Kva skjer?
  • Viking-garden
  • English
  • Private tilstelningar
  • Opne Arrangement
  • Om Oss
  • Kontakt oss
  • Tilstelling Priser
  • Sjekk været på Spurkeland!
  • Presseomtale
  • Menyer
Picture
Picture
Picture

Er De på jakt etter ei spesiell ramme
​f
or ei spesiell anledning?

Picture

Vi tilbyr utleige av gardstunet vårt, låven, marka og fasilitetane vi har til ulike private arrangement.

Den einskilde arrangør står då fritt til å avgjere om dei ynskjer eit skreddarsydd opplegg, eller om dei vil stå for innhald og organisering sjølv. Prisane på dette avhenger av kor mange ein er, kva innhald ein ynskjer, kor lenge arrangementet varer, og i kva grad vi som vertskap treng å vere tilstades under tilstelninga (Nokre av aktivitetane våre krev dette av omsyn til tryggleik).


Under er nokre døme på arrangement vi gjerne tek på oss:


*  Skal du halde selskap? - Stort eller smått, for born eller vaksne?- Vi har fasilitetar, omgjevnader og aktivitetstilbod som vil gjera dagen minneverdig!

*  Skal skulen, klassen, jobben, klubben eller andre lag du er med i ha sommaravslutning,  juleavslutning eller liknande markeringar? - Kjempemoro å ha det her!!

* Kjenner De den lokale vikinghistoria vår? Samle ein gjeng eller eit lag (born og/eller vaksne!), så ordnar vi ein "Viking-kveld/dag" for dykk, med historieforteljing, vikingaktivitetar, "vikingmat" og "historisk sus"!

*  Har du ein kamerat/ei venninne som snart giftar seg, og ynskjer å gjere litt ”stas” på vedkomande saman med vennegjengen? – Kva med eit slag paintball? Nokre vågale utfordringar i aktivitetsløypa? Sport? Badstu? Grilling? Badestamp?... – Mykje moro å velje i!

*  Driv du med barne-/ungdomsarbeid av noko slag, og har planar om å arrangera leir? – Vi har hatt fleire leirar her på garden som alle har vore svært vellukka!

* ”Kick-off" for arbeidsgjengen? – Ein dag/kveld hos oss vil utan tvil sveise dykk i hop og gje lunsjsamtalane nytt innhald i etterkant!

*  Barnebursdagar? – Utruleg lettvint og kjekt for alle! Ingen oppvask! Ingen tilsøling eller ramponering av møblementet heime!

Sjå sesongkalenderen vår for ledige dagar, og ta kontakt!

.....................................................................................................................................

 *** Eitt kriterium har vi lagt oss på ved alle arrangement, og dét er at garden vår er ”alkoholfri sone”. Hos oss ynskjer vi at alle skal føle seg trygge og frie, - born og vaksne – kvar for seg - og saman.*** 
......................................................................................................................................


Vi ser fram til å høyre frå deg!

Picture
Picture
Picture
Picture
Picture
Picture
HAAKON I, The Good
From the age of ten, King Haakon was sent abroad to England to be educated by King Athelstan, who was a significant ruler at the time. Up until then he had spent his childhood years at Seim, brought up by his mother Thora Mostaff. When his father, King Harald, passed, he returned to Norway for an attempt to take the kingdom from his brother Eric Bloodaxe, in which he succeeded.
On his return, Haakon was still young, yet highly scholared. He had also found faith in the Christian  Church, which gave rise to a different approach as a ruler than that of his predecessors of Norse upbringing.
As king, Haakon was exeptionally meek, emphatic and just, and the people of Norway loved him for it. They gave him the epithet ”The Good” whilst he was still alive – which in itself was quite extraordinary.   
Haakon died from a battle-wound after an attack by his brother Eric’s sons at Fitjar in 961, but he was shipped back to his homevillage, Seim, to be buried here. In 1958 a large tumulus was created in his memory, after an archaeological excavation had found several objects dated to his era of time.
Seim village is full of historical findings proving it has been an important place of settlement from very early ages of history.
One of the most significant and recent findings was made during an excavation at Spurkeland Vikingfarm in 2014, when an archaelogist-team concluded we had found the grave of a very rich lady of high rank, that is believed to have lived and operated within the same timespan and social circles as Harald Fairhair! 

Suggested agendas for groups:

Full day - Experience the Viking age and "King Haakon the Good"

​

Contact Us

  • Heim
  • Kva skjer?
  • Viking-garden
  • English
  • Private tilstelningar
  • Opne Arrangement
  • Om Oss
  • Kontakt oss
  • Tilstelling Priser
  • Sjekk været på Spurkeland!
  • Presseomtale
  • Menyer