Også i år slår vi til med Open St.Hans-feiring på garden! Dette har vore overmåte gildt i alle tidlegare år, og det er så kjekt at så mange kjem, og at "gamle travarar" tek nye med seg! :-) Vi skal ha grillen varm frå klokka 18.00, elles kan folk berre kome sigande når det passar!
Etterkvart vert det leik og moro for nokon kvar borte på "haugen", og naturlegvis...: tenning av STORT bål! Vi satsar på godt vèr - slik vi er vande med .... - og fullpakka gard av smått og stort, "sprekt og skralt"!!
Velkommen skal De vera, ALLE som vil!!
PS: Ta med deg badebukse og ein handduk! - Vannsklia står nemleg klar!! .......(uansett vér!) ;-) ........ (men denne eignar seg vel og merke ikkje for dei minste......dessverre....)
Korleis finna fram til Spurkeland Vikinggard frå hovudvegen? ("Hovudvegen" = Lindåsvegen57 mellom Knarvik og Mongstad..)