Spurkeland Viking Gard
  • Heim
  • Kva skjer?
  • Viking-garden
  • English
  • Private tilstelningar
  • Opne Arrangement
  • Om Oss
  • Kontakt oss
  • Tilstelling Priser
  • Sjekk været på Spurkeland!
  • Presseomtale
  • Menyer

Ein visjon i medvind!

Picture

Endeleg kan vi byrje å sjå konturane av det som i lang tid har vore den store draumen vår:
ein Vikinggard på Spurkeland!!

Tankane om å gripe fatt i historia omkring den lokale "vikinghelten" Håkon den Gode, og å skapa ein truverdig viking-attraksjon som vil trekkje både turistar, utdanningsinstitusjonar, og andre til regionen vår, er noko vi har møtt stor begeistring for. Mange seier dei har sakna eit trekkplaster som særteiknar og set Lindås Kommune på kartet. 
Dei siste åra har mange viktige brikker falle på plass for prosjektet (- fleire heilt av seg sjølv!), og no står vi omsider på trappane av verkeleg å setje planane ut i livet! Viktige instansar, som kommune, fylkesmann, bankar, samarbeidspartnarar, rådgivarar og andre, har ytra ei sterkt tru på prosjektet - og i oktober 2011 gav kommunen sitt løyve til oppføring av eit 50 meter langt langhus samt ti utleigehytter på Spurkeland! 
No står det altså "berre" om midlar........  
men med så sterk medvind kan vi ikkje anna enn tru at også dette vil ordne seg om ikkje så altfor lenge!

Heilt frå vi flytta tilbake til Seim i 2000, har vi kjent på at vi skal gjera noko utradisjonellt og "annleis" med garden vår. I starten handla det om å skapa eit møtepunkt for folk, der "sunne" aktivitetar og lav terskel skulle byggje bru mellom generasjonar og sosiale lag. Open Gard var det fyrste arrangementet vi starta med, og tiltaket vart fantastisk godt motteke. Etterkvart har Spurkeland Gard vorte ein aktivitetsgard med stadig fleire tilbod, og vi har opplevd stor auke i etterspurnad. Feiringar, avslutningar og markeringar av ymse slag har vore lagt til garden, og folk har vore svært nøgde med tilbodet. 

Draumen om å skapa ein attraksjon kring temaet Vikingtid og Håkon den
Gode, fekk vi nokså tidleg. Seim har ei spanande historie som vi bør vere stolte av! Vikingtida utgjorde ei viktig rolle i forminga av landet vårt og dei normar og verdiar vi har i dag. Det var ei brytningstid med store omveltningar både mht menneskesyn, rettssystem og levesett, og nettopp Håkon den Gode var med sitt kristne livssyn ein av frontfigurane og hovudformidlarane av denne nye måten å leve og tenkje på.
Mange funn tyder på at Seim har vore ein viktig plass i denne tida, og både Harald Hårfagre, Eirik Blodøks og Håkon den Gode har truleg hatt kongsgardar her. Sistnemnte vart også hauglagt i Seim, og vi har i dag Håkonshaugen til minne om dette. 

Sjølv om dei store bygningane enno ikkje er reist, har vi allereide i dag både arrangement, aktivitetstilbod og utsmykningar på garden med tydeleg kontur av det komande vikinglandemerket. Vi har dessutan gått til anskaffing av to vikingskip, Hårek og Gyda, som vil stå klare for turar og utleige til sommaren. Utviklinga framover vil spissa tilbodet stadig meir inn på dette temaet, og vi ynskjer at folk skal få med seg ei historisk oppleving når dei avlegg garden eit besøk. Eit mindre vikingbygg på 50m2 er dessutan under oppføring, og vil stå klart i løpet av sesongen, og dette vil vere anvendeleg for ei rekkje føremål.
Langhuset skal etter planen reisast i løpet av 2015.
      

HAAKON I, The Good
From the age of ten, King Haakon was sent abroad to England to be educated by King Athelstan, who was a significant ruler at the time. Up until then he had spent his childhood years at Seim, brought up by his mother Thora Mostaff. When his father, King Harald, passed, he returned to Norway for an attempt to take the kingdom from his brother Eric Bloodaxe, in which he succeeded.
On his return, Haakon was still young, yet highly scholared. He had also found faith in the Christian  Church, which gave rise to a different approach as a ruler than that of his predecessors of Norse upbringing.
As king, Haakon was exeptionally meek, emphatic and just, and the people of Norway loved him for it. They gave him the epithet ”The Good” whilst he was still alive – which in itself was quite extraordinary.   
Haakon died from a battle-wound after an attack by his brother Eric’s sons at Fitjar in 961, but he was shipped back to his homevillage, Seim, to be buried here. In 1958 a large tumulus was created in his memory, after an archaeological excavation had found several objects dated to his era of time.
Seim village is full of historical findings proving it has been an important place of settlement from very early ages of history.
One of the most significant and recent findings was made during an excavation at Spurkeland Vikingfarm in 2014, when an archaelogist-team concluded we had found the grave of a very rich lady of high rank, that is believed to have lived and operated within the same timespan and social circles as Harald Fairhair! 

Suggested agendas for groups:

Full day - Experience the Viking age and "King Haakon the Good"

​

Contact Us

  • Heim
  • Kva skjer?
  • Viking-garden
  • English
  • Private tilstelningar
  • Opne Arrangement
  • Om Oss
  • Kontakt oss
  • Tilstelling Priser
  • Sjekk været på Spurkeland!
  • Presseomtale
  • Menyer