Bilete frå Vikingmarknaden!
"Event-plakaten" vår - kjem straks opp nær DEG! ;-)
(...elles finn du han iallefall her...)
VIKINGLEIR og VIKINGMARKNAD
Den 17. - 19. august 2012 kan ein verkeleg få oppleve "vikingske" tilhøver her på garden! Saman med det flotte lokale vikinglaget vårt, Harudes, skipar vi då til med storstilt vikingleir, - og mange, flotte vikingar og handtverkarar har allereide meldt at dei vil kome! Åhoi - som vi gler oss!!! :-D
For å delta med overnatting, må du vera medlem av eit vikinglag og/eller kome som viking i riktige klede og med vikingtelt.
Marknaden (begrensa med opningstider) er open for ALLE å besøkje, og kjem du i vikingklede er det gratis å kome inn!
Opningstider for publikum er frå klokka 12.00-18.00 alle dagane. Det vil då vera mogleg å handla flotte viking-varer i bodene, og innimellom vil det vera aktivitetar og underhaldning for store og små.
Det vert sal av grillmat i "låvekafèen" som De grillar sjølv på ei av dei mange grillane som vert sett ut. Her sel vi òg kald og varm drikke, is og snacks. .....Truleg vil enkelte av bodene også selje noko som er spanande for ganen ... ;-)